Askvoll kommune Helse og omsorg

Er du på jakt etter spanande og relevant arbeidserfaring i sommar? Då er Askvoll kommune staden for deg!

Ferievikarar sommaren 2025

Våre faste tilsette innan helse og omsorg avviklar hovudferie i perioden 23.06.2025 - 17.08.2025. Vi søkjer difor etter engasjerte og dyktige ferievikarar i denne perioden, og ønskjer deg som ferievikar i tenestene våre.

Vi søkjer etter vikarar i følgjande grupper:

  • Askvoll legesenter
  • Heimetenesta/Omsorg 1
  • Bu- og miljøtenesta
  • Askvoll omsorgssenter
  • Kjøkken
  • Reinhald/vaskeri

Avhengig av arbeidsstad er arbeidsoppgåver:

  • Utføring av stell og pleie
  • Legge til rette for meistring og rehabilitering
  • Helsesekretæroppgåver
  • Tilsyn og miljøarbeid
  • Assistere pasientar i matsituasjon
  • Matlaging
  • Reinhald og vaskeriteneste

Vi søkjer deg som:

  • Har fylt 16 år på oppstartstidspunktet
  • Er ferdig utdanna, elev eller student innan helse- og sosialfag
  • Har fagbrev eller er under utdanning som kokk, eller har erfaring og interesse for matlaging
  • Ynskjer å vere assistent innan pleie, reinhald og vaskeri
  • Omsorgsfull, respektfull og opptatt av kva som er viktig for pasient, brukar og pårørande
  • God til å kommunisere på norsk, både munnleg og skriftleg
  • Fleksibel og god til å samarbeide
  • Søkjarar til heimetenesta og bu- og miljøtensta må ha førarkort og kunne disponere bil

Politiattest vert krevd før start i stilling.

Vi tilbyr:

  • Bonusordning inntil kr. 10.000 for ferievikarar som kan arbeide 5 veker samanhengande i ferieperioden. Summen som blir utbetalt avheng av stillingsprosent i desse fem vekene
  • Studentar innan helsefag har eiga avlønning
  • Sjukepleiarar og vernepleiarar har lokal lønsstige i tillegg til garantiløn
  • Fagarbeidararar har lokal lønsstige i tillegg til garantiløn
  • Elles løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
  • Pensjonsordning KLP

I søknaden må du setje opp kvar du ønskjer å arbeide i prioritert rekkefølgje (t.d. 1. Askvoll legesenter, 2. Bu- og miljøtensta 3. Heimetenesta), kor mykje og kva tidsrom du kan arbeide. Søkjarar som kan arbeide mest mogeleg samanhengande vert prioriterrt. Ein må kunne påreknast å arbeide annankvar helg.

Dersom du har sørsmål kan du henvende deg til kontaktpersonen som står oppført under kvar avdeling

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

Del på:

Referansenummer:

25/001

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid
Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Askvoll omsorgssenter

Stillingstype:

Vikariat

Rolle:

Assistent helse og omsorg

Søknadsfrist:

02.03.2025

Tiltreding:

23.06.2025

Arbeidsstad:

Helse og omsorg

Adresse:

Askvoll omsorgssenter 6980 Askvoll

Kart: