Du søkjer på stillinga

Pedagogisk leiar - 100% vikariat

  Våre personvernvilkår

Personvernerklæring Easycruit

Føremålet med behandlinga
Dersom du søker jobb hos Askvoll kommune, treng vi å behandle personopplysningar om deg for å vurdere deg som kandidat til den utlyste stillinga. Vi er opptekne av å verne ditt personvern, og i personvernerklæringa vil du finne svar på korleis vi handterer personopplysningar.

Behandlingsansvarleg
Askvoll kommune er behandlingsansvarleg for dei personopplysningane du registrerer gjennom våre rekrutteringsløysingar. Vi brukar rekrutteringsportalen Easycruit for registrering av CV og søknad, som er ei skyteneste utvikla av Visma. Dei opplysningane du registrerer i samband med søknaden blir overført til vårt elektroniske sak- og arkivsystem for vidare saksbehandling. Sak- og arkivsystemet følger den offentlege standarden NOARK.

Behandlingsgrunnlag
For å kunne behandle dine personopplysningar i samband med rekrutteringsprosessen, treng vi ditt samtykke. Du kan når som helst trekke tilbake ditt samtykke til behandling av personopplysningar ved å sende ein e-post til postmottak@askvoll.kommune.no.

Det er frivillig å gi samtykke, men dersom du ikkje gir samtykke vil vi ikkje kunne vurdere deg som kandidat til stillingar i Askvoll kommune. Det same gjeld om du trekker tilbake samtykket ditt.

Du gir ditt samtykke ved å krysse av nedst på sida at du har akseptert personvernvilkåra.

Personopplysningar som vert behandla
Personopplysningar som vert behandla er dei du sjølv deler i samband med rekrutteringsprosessen, det vil seie namn og kontaktopplysningar, samt opplysningar om utdanning, arbeidserfaring og andre kvalifikasjonar.

Som del av tilsettingsprosessen vil vi også kunne gjennomføre bakgrunnssjekkar på deg for å vurdere din søknad, til dømes referansesjekk.

For enkelte stillingar er det krav om politiattest. Dersom dette er aktuelt for stillinga du blir vurdert til, vil du motta meir informasjon om dette seinare i rekrutteringsprosessen.

Utlevering av personopplysningar
Askvoll kommune deler berre dine personopplysningar med tredjepartar dersom det er ei lovbestemt plikt.

Easycruit er ei skyteneste som er utvikla av Visma. Dermed kan Visma-konsernselskap og deira underleverandørar av IT-tenester få tilgang til personopplysingar om deg som søkar. Alle våre databehandlarar er underlagt databehandlaravtalar for å sikre personvern i samsvar med lov om behandling av personopplysningar (personopplysningsloven).

Kor lenge oppbevarer vi dine personopplysningar?
Dine personopplysningar vert oppbevart så lenge det er nødvendig for å oppnå det føremål dei blei innsamla for. Det vil seie for evaluering av din søknad eller som pålagt av gjeldande lovverk.
Dersom søknaden din ikkje fører til tilsetting, vil vi oppbevare personopplysningar inntil fristen for krav retta mot oss er forelda, det vil seie tre år. Deretter vil dei bli sletta.

Dersom du aksepterer eit jobbtilbod frå oss, vil dine personopplysningar ikkje bli sletta, men i staden bli behandla i samsvar med Askvoll kommune sine retningslinjer for behandling av personopplysningar om tilsette. Personalmapper vert lagra i sak- og arkivsystemet.

Dine rettar
Du har rett til innsyn i dine personopplysningar og informasjon om korleis vi behandlar dei i rekrutteringsprosessen. Dersom registrerte opplysningar er feil eller ufullstendige, kan du krevje at dei vert retta, supplert eller sletta etter reglane i personopplysningslova. Du kan bruke funksjonane for profilredigering i Easycruit-kontoane dine for å slette, laste opp og redigere informasjon. På nettsida til Askvoll kommune vil du òg finne meir informasjon om korleis vi handterer personopplysningar i Askvoll kommune.

Du kan til ei kvar tid ta kontakt med Askvoll kommune om spørsmål om innsyn, retting, supplering eller sletting av personopplysningar. Om du meiner vi ikkje behandlar personopplysningar på måten regelverket krev, kan du klage til Datatilsynet. Informasjon om korleis du bør gå fram finn du på Datatilsynet sine nettsider.

Kontaktinformasjon Askvoll kommune:
• Postadresse: Askvoll kommune, postboks 174, 6988 Askvoll
• Besøksadresse: Askvoll rådhus, Askvollvegen 426A
• Telefon: 57 73 07 00
• E-post: postmottak@askvoll.kommune.no.

Personvernombod
Carl Nyborg-Christensen er vårt personvernombod. Du kan ta kontakt med han om du treng hjelp eller om det er noko du lurer på om kommunen sin lagring av personopplysningar eller personvern.

Kontaktinformasjon personvernombod:
• Carl Nyborg-Christensen, telefon: 952 01 004
• E-post: : personvernombod@sysikt.no

  Allereie registrert?

 
Sida opnast i eit nytt vindauge