Askvoll kommune

Nytt liv. Store augeblink. Viktig arbeid. Vi søkjer jordmor!

Askvoll kommune har ledig vikariat, 100% stilling som jordmor frå 22.02.27

Ved eining Helse i Askvoll kommune har vi ledig vikariat i 100 % stilling som jordmor frå 1. mars 2027. Vikariatet varer i omlag 10 mnd. med muligheit for forlenging.

Jordmor er sentral i arbeidet knytt til reproduktiv helse, helsefremjande og førebyggjande arbeidet i kommunen og vil ha verknad på både det tverrfaglege, innhaldet i tenestetilbodet til gravide, foreldre og barn, og korleis tenestetilbodet vert organisert. Stillinga er i eit interkommunalt samarbeid med nabokommunane Fjaler og Hyllestad med kontordagar i kvar kommune. Askvoll kommune har arbeidsgjevaransvaret.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Svangerskapsomsorg
  • Tidleg heimebesøk etter fødsel i samsvar med Nasjonale retningsliner for barselomsorg
  • Foreldrerettleiing
  • Helsestasjon for ungdom
  • Delta i fagutvikling
  • Tverrfagleg samarbeid med naturlege samarbeidspartar innan seksjonen og med spesialisthelsetenesta
  • Medverke til eit godt samarbeid i tenestene

 

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som jordmor
  • Det er ynskjeleg med erfaring fra svangerskapsomsorg, ammerettleiing og erfaring med fødsels/barselomsorg ved sjukehus
  • Den som blir tilsett må ha førarkort
  • Det er krav om framlagd politiattest før oppstart

 

Personlege eigenskapar:

  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
  • Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
  • Like utfordringar og er løysingsorientert
  • Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
  • Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo

 

Vi tilbyr: 

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
  • Tenestebil
  • Lønn etter gjeldande tariff
  • Pensjonsordning i KLP
  • Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune

 

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

Del på:

Referansenummer:

26/023

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Helse

Stillingstype:

Vikariat

Rolle:

Jordmor

Søknadsfrist:

06.12.2026

Tiltreding:

22.02.2027

Arbeidsstad:

Askvoll, Fjaler og Hyllestad

Kontaktpersonar:

Olaug Søreide

Stilling: Einingsleiar Helse

tlf: +47 57734619

mob: 99290964

E-post: olaug.soreide@askvoll.kommune.no

Adresse:

Askvoll legesenter 6980 Askvoll

Kart: