Askvoll kommune - Gjelsvik barnehage

Vil du jobbe som pedagogisk leiar saman med oss i trivelege Gjelsvik barnehage?

Pedagogisk leiar i Gjelsvik barnehage - inntil 100% vikariat

Ved Gjelsvik barnehage i Askvoll kommune har vi ledig inntil 100% vikariat frå september 2025 til 30.04.2026 som pedagogisk leiar.

 

Gjelsvik barnehage er samlokalisert med skulen, og ligg ved Førdefjorden med kort veg til fjæra og skogsområde med gapahuk. Her har vi eit godt fagleg miljø og god trivsel. 

 

Vi søker deg som:

  • er engasjert i barnas leik og utvikling
  • tek initiativ og er fleksibel
  • er opptatt av relasjonsbygging
  • nyttar kompetansen din til å reflektere i lag med teamet

 

 Arbeidsoppgåver:

  • Pedagogisk arbeid i avdelinga
  • Rettleie i pedagogiske prosessar og utviklingsarbeid
  • Følgje opp barn med trong for tilrettelegging og/eller spesialpedagogisk hjelp
  • Planleggje, gjennomføre, dokumentere og evaluere arbeid i barnehagen
  • Sikre barnehagen som ein god omsorgs- og læringsarena
  • Sikre eit godt samarbeid med barn, foreldre, personal og andre samarbeidspartnarar
  • Tilpasse det allmennpedagogiske tilbodet etter barna sine behov og føresetnader

 

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent utdanning som barnehagelærar (søkjarar som har utdanning frå utlandet må leggje ved dokumentasjon på godkjent utdanning i Norge)
  • Ønskjeleg med vidareutdanning i spesialpedagogikk
  • Ønskjeleg med erfaring innanfor teiknspråk eller teikn til tale
  • Andre søkjarar utan kvalifisert utdanning vert vurdert om vi ikkje får kvalifiserte søkjarar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, minimum tilsvarande krava i barnehagelova §28
  • Meistre barnehagen sine digitale verktøy
  • Du er open for nytenking og har ferdigheiter innan digitale verktøy

 

Personlege eigenskapar:

  • Du har barnet i sentrum, og er ein god rollemodell for barn og medarbeidarar
  • Du er fagleg oppdatert, og ein pådrivar i utviklingsarbeid
  • Du samarbeider godt med andre
  • Du kan jobbe sjølvstendig, og samtidig ha evna til å jobbe i team
  • Du er ansvarleg, engasjert, løysingsfokusert og reflektert
  • Du er ein inspirator og motivator for å skape eit godt psykososialt arbeidsmiljø

 

Vi tilbyr: 

  • Ein spennande kvardag i ein trygg og god barnehage
  • Ein barnehage som er opptatt av å gje medarbeidarar ansvar, tillit og høve til på påverke sin eigen kvardag
  • Rettleiing for nyutdanna pedagogar (oppfølgjing)
  • Samarbeid med dyktige, og erfarne medarbeidarar
  • God forsikring
  • Offentleg pensjonsordning (KLP)
  • Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ, og lønspolitisk plan
  • Som pedagogisk leiar i Askvoll kommune får du eit lokalt tillegg på kr 40 000.- over garantiløn etter tariff 

 

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Gyldig politiattest må framleggjast ved tilsetjing
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

Del på:

Referansenummer:

25/022

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Gjelsvik barnehage

Stillingstype:

Vikariat

Rolle:

Pedagogisk leiar

Søknadsfrist:

15.06.2025

Tiltreding:

September 2025

Arbeidsstad:

Gjelsvik barnehage

Kontaktpersonar:

Tove Ekreskar Nervik

Stilling: Barnehagestyrar

tlf: +47 474 72 895

mob: +47 907 86 181

Adresse:

Førdefjordvegen 3079 6983 Kvammen

Kart: