Askvoll kommune - Bulandet skule

Likar du å jobbe med born og unge? Eller har du lyst til å sjå om det kan vere rette karrieren for deg? Då bør du søkje hos oss no!

Fagarbeidar / assistent 40% stilling - SFO Bulandet skule skuleåret 2025/26

Frå hausten har vi på Bulandet skule ved SFO ledig 40% mellombels stilling som fagarbeidar / assistent.

Stillinga er mellombels skuleåret 2025/2026. Arbeidsoppgåvene vil innebere å ha ansvar for skulefritidsordninga måndag, tysdag, torsdag og fredag på ettermiddagstid og heile dagen onsdag.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeid med barna i SFO i samsvar med rammeplan for SFO
  • Dagleg omsorg og arbeid med å skape gode relasjonar
  • Medverke til godt foreldresamarbeid som har barnet sitt beste i fokus

 

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev i barne – og ungdomsarbeidarfaget. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan andre med relevant praksis bli tilsett.
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer deg som: 

  • er leiken og open og likar faglege utfordingar
  • er lagspelar og har gode samarbeidsevner
  • trivst i lag med barn

Vi tilbyr: 

  • interessante og kjekke arbeidsoppgåver
  • eit positivt og uformelt arbeidsmiljø
  • god forsikring
  • offentleg pensjonsordning (KLP)
  • løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ  
  • Fagarbeidarar får kr. 20000 utover sentralt løns- og stillingsregulativ, jf. lønspolitisk plan

 

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Politi og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

Del på:

Referansenummer:

25/021

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Bulandet skule

Stillingstype:

Deltid

Rolle:

Assistent SFO

Søknadsfrist:

01.06.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Bulandet skule - SFO

Kontaktpersonar:

Linda Landøy

Stilling: Rektor

tlf: +47 57730755

mob: +47 95773768

Adresse:

Nordsjøvegen 1086 6987 Bulandet

Kart: