Askvoll kommune Askvoll omsorgssenter

Vil du vere med å vidareutvikle kjøkkenet på Askvoll omsorgssenter? Då har vi stillinga for deg!

Kjøkkensjef i 100% fast stilling ved Askvoll omsorgssenter

Vi har frå 18.08.2025 ledig 100% fast stilling som kjøkkensjef til institusjonskjøkkenet vårt på Askvoll omsorgssenter. Ved internt opprykk kan det bli ledig stilling som kokk.

I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet.
Primæroppgåva er å lage mat til bebuarane på Askvoll omsorgssenter, i tillegg til dagsenter og heimebuande som får levert middagen heim. Til saman utgjer dette ca. 100 middagar per dag.
Vi søker etter ein kjøkkensjef som vil ta ansvar for kjøkkenet og som leverer sunn og god mat til våre bebuarar og til dei heimebuande.
Som kjøkkensjef ved Askvoll omsorgssenter vil du få moglegheit til å være med å påvirke tenestene våre, og drifta av kjøkkenet. Kjøkkenet skal være ein viktig og synleg del av bebuarane sitt tenestetilbod.

Ver venleg å oppgje i søknadsteksten om du òg ønskjer å stå som søkjar på eventuell ledig kokkestilling.

Arbeidsoppgåver:

  • Sørge for at kjøkkenet vert drive i samsvar til kommunen sine verdiar og mål
  • Ansvarleg for den daglege drifta av kjøkkenet
  • Ansvar for å følgje opp kvalitets- og internkontrollrutinar
  • Overordna ansvar for varebestilling og oppfølging av leverandørar
  • Delta i utforming og gjennomføring av arrangement for bebuarane der det vert servert mat
  • Produksjon av varm og kald mat
  • Ansvar for menyplanlegging saman med kollegaer
  • Bistå med vareplassering saman med kollegaer
  • Arbeide for eit godt mattilbod for pasientane
  • Arbeide i tråd med lovpålagte kvalitetsstandardar
  • Kjøkkenet nyttar Mathilda som planleggingsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
  • Arbeid etter 35,5t/veke og kvar 3.helg

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som kokk, fortrinnsvis ernæringskokk
  • Erfaring frå arbeid som kjøkkensjef vil vere ein fordel
  • Må ha grunnleggjande datakunnskalp og evne til å setje seg inn i og bruke nye system
  • Kompetanse innan økonomi- og ressursstyring
  • Kjennskap til relevant lovverk og nasjonale anbefalingar
  • Du er serviceinnstilt og gjer «det lille ekstra» for bebuarane
  • Gode norskkunskapar munnleg og skriftleg

 Personlege eigenskapar:

  • Fagleg interesse
  • Nøyaktig og ansvarsbevisst
  • Arbeide systematisk i eit tidvis hektisk miljø
  • Vere lojal og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Du må kunne arbeide både sjølvstendig og tverrfagleg
  • Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
  • Du må kunne vise omsorg og bry deg om andre menneske, og du må vise hensyn og respekt
  • Personlege eigenskapar og fleksibilitet vert vektlagd ved tilsetjing

Vi tilbyr:

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
  • Mogelegheit for sletting av studielån i samsvar med den nye statlege støtteordninga, der du etter eitt år tilsetjing/opptening kan få sletta 25.000 kr av studielånet ditt kvart år dersom du vel å bu i usentrale kommunar. Dette skal motivere folk til å bu i distrikta og halde høge kompetansenivå i desentraliserte kommunar. Askvoll kommune er innan denne ordninga, men du er sjølv ansvarleg for å søkje om dette hos Statens lånekasse.
  • Lokalt årleg tillegg på kr. 20.000 for over tariffesta garantiløn for kokk med fagbrev
  • Lokalt årleg tillegg på kr. 10.000 over tariffesta garantiløn for tilsette i kokkestillingar som jobbar helg
  • Fagarbeidarar utan fagbrevet som er kravd men som har fagbrev på anna fagområde, vert plassert i stillingskode som assistent men løna som fagarbeidar ihht. tariff, jf. lønspolitisk plan
  • Arbeid 35,5 t/veke og på helg
  • Pensjonsordning i KLP
  • Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

Del på:

Referansenummer:

25/020

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Askvoll omsorgssenter

Stillingstype:

Fast

Rolle:

Kjøkkensjef

Søknadsfrist:

31.05.2025

Tiltreding:

18.08.2025

Arbeidsstad:

Askvoll omsorgssenter

Kontaktpersonar:

Frank Vagstad Eimhjellen

Stilling: Einingsleiar Askvoll omsorgssenter

tlf: +47 57734507

mob: +47 90151856

Adresse:

Askvoll omsorgssenter 6980 Askvoll

Kart: