
Har du gode mellommenneskelege ferdigheiter, og likar å omgås mange ulike typar menneske?
Helsefagarbeidar 80% og 20% faste stillingar ved Askvoll omsorgssenter - Kårstova
Er du helsefagarbeidar og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg.
I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet.
Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap. Helsefagarbeidarane deltar i det tverrfaglege samarbeidet for å sikre ein heilskapleg tilnærming og oppfølging.
Avdeling Kårstova er ei eining med 16 langtidsplassar og 1 avlastningsplass, samt dagtilbod for heimebuande personar med demens.
Vi har frå 01.07.2025 følgjande ledige stillingar som helsefagarbeidar knytt til skjerma avdeling;
- 80% fast stilling i 2-delt turnus
- 20% fast helgestilling på natt
Ver venleg å oppgje i søknadstteksten kva stilling du søkjer på, evt. om du søkjer på alle stillingane.
Arbeidsoppgåver:
- Utøve pleie til pasientar og brukarar med utgangspunkt i "kva er viktig for deg?"
- Medverke til at pleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet
- Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningsliner og prosedyrar
- Medikamenthandtering
- Delta i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksternt
- Medverke til god informasjonsflyt
- Pliktar å halde seg oppdatert innanfor sitt eige fagfelt og delta i aktuelle møter og opplæringstiltak
- Rettleie pasientar, pårørande og andre tilsette, studentar og elevar
- Medverke til eit godt samarbeidsmiljø
- Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverktøy, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar/omsorgsarbeidar. Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan andre søkarar med relevant erfaring søkje og bli mellombels tilsett
- Medisinkurs eller være villeg til å ta dette
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Den som blir tilsett må ha førarkort
- Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart
Personlege eigenskapar:
- Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
- Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
- Like utfordringar og er løysingsorientert
- Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
- Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
Vi tilbyr:
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
- Mogelegheit for sletting av studielån i samsvar med den nye statlege støtteordninga, der du etter eitt år tilsetjing/opptening kan få sletta 25 000 kr av studielånet ditt kvart år dersom du vel å bu i usentrale kommunar. Dette skal motivere folk til å bu i distrikta og halde høge kompetansenivå i desentraliserte kommunar. Askvoll kommune er innan denne ordninga, men du er sjølv ansvarleg for å søkje om dette hos Statens lånekasse.
- Lokalt tillegg på kr. 20.000 for helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar/ omsorgsarbeidarar med fagbrev
- Fagarbeidarar utan fagbrevet som er kravd men som har fagbrev på anna fagområde, vert plassert i stillingskode som assistent men løna som fagarbeidar ihht. tariff, jf. lønspolitisk plan
- Tilsette som inngår individuell avtale om å arbeide to ekstra helger per halvår, som vert innarbeidd i årsturnus, får utbetalt ein bonus. Utbetalinga kjem i tillegg til ordinær løn etter faktisk arbeidd ekstra helg.
- Arbeid 35,5 t/veke og på helg
- Pensjonsordning i KLP
- Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Del på:
Referansenummer:
25/019
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Askvoll omsorgssenter
Stillingstype:
Fast
Rolle:
Helsefagarbeidar
Søknadsfrist:
31.05.2025
Tiltreding:
01.07.2025
Arbeidsstad:
Kårstova
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.askvoll.kommune.noAdresse:
Askvoll omsorgssenter 6980 Askvoll