Askvoll kommune Askvoll omsorgssenter

Har du gode mellommenneskelege ferdigheiter og likar å omgåast mange ulike typar menneske? Vi søkjer etter

Sjukepleiar/vernepleiar 2 x 100% og 70% faste stillingar ved Askvoll omsorgssenter - Kårstova

Er du sjukepleiar eller vernepleiar og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg.

I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet.

Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap.

Som sjukepleiar/vernepleiar vil ein ha eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper innanfor helsesektoren lokalt, og med spesialisthelsetenesta for å sikre ein heilskapleg tilnærming og oppfølging.

Avdeling Kårstova er ei skjerma avdeling med 16 langtidsplassar og 1 avlastningsplass, samt dagtilbod for heimebuande personar med demens.

Vi har følgjande ledige stillingar som sjukepleiar/vernepleiar;

  • 100% fast stilling frå 01.07.2025
  • 100% fast stilling frå 01.08.2025
  • 70% fast stilling frå 01.07.2025

Ver venleg å oppgje i søknadsteksten kva stilling du søkjer på, evt. om du søkjer på alle stillingane.

Arbeidsoppgåver:

  • Utøve direkte sjukepleie til pasientar og brukarar med utgangspunkt i "kva er viktig for deg?"
  • Medverke til at sjukepleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet
  • Tilrettelegge for å nytte velferdsteknologiske løysingar
  • Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningsliner og prosedyrar
  • Ha sjukpleiefagleg ansvar i gruppa og deltar i sjukepleiefagleg bakvaktsordning ved behov
  • Medikantmenthandtering
  • Delta i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksternt
  • Medverke til god informasjonsflyt
  • Pliktar å halde seg oppdatert innanfor sitt eige fagfelt og delta i aktuelle møter og opplæringstiltak
  • Rettleie pasientar, pårørande og andre tilsette, studentar og elevar
  • Medverke til eit godt samarbeidsmiljø
  • Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Ved mangel på kvalifiserte søkarar kan søkarar med relevant utdanning/erfaring tilsettast i mellombels stilling
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Den som blir tilsett må ha førarkort
  • Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart


Personlege eigenskapar:

  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
  • Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
  • Like utfordringar og er løysingsorientert
  • Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
  • Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo


Vi tilbyr: 

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
  • Mogelegheit for sletting av studielån i samsvar med den nye statlege støtteordninga, der du etter eitt år tilsetjing/opptening kan få sletta 25 000 kr av studielånet ditt kvart år, dersom du vel å bu i usentrale kommunar. Dette skal motivere folk til å bu i distrikta og halde høge kompetansenivå i desentraliserte kommunar. Askvoll kommune er innan denne ordninga, men du er sjølv ansvarleg for å søkje om dette hos Statens lånekasse. 
  • Avtale om signeringsstipend på kr. 75 000, mot to års bindingstid for sjukepleiararar og vernepleiarar
  • Lokalt tillegg på kr 40 000.- over garantiløn etter tariff for sjukepleiarar og vernepleiarar. Det lokale tillegget vert ikkje aktivt før 2. tilsetjingsår dersom ein inngår avtale om signeringsstipend.
  • Eigen lønsstige for studentar innan helse- og velferdsutdanningar i deltidsstillingar
  • Utdanningsstipend ved søknad for prioriterte yrkesgrupper på inntil kr. 210.000,- etter nærare avtale
  • Tilsette som inngår individuell avtale om å arbeide to ekstra helger per halvår, som vert innarbeidd i årsturnus, får utbetalt ein bonus. Utbetalinga kjem i tillegg til ordinær løn etter faktisk arbeidd ekstra helg.
  • Arbeid 35,5 t/veke og på helg
  • Pensjonsordning i KLP
  • Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune


Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

Del på:

Referansenummer:

25/018

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Askvoll omsorgssenter

Stillingstype:

Heiltid

Rolle:

Sjukepleiar

Søknadsfrist:

31.05.2025

Tiltreding:

01.07.2025

Arbeidsstad:

Kårstova

Kontaktpersonar:

Frank Vagstad Eimhjellen

Stilling: Einingsleiar Askvoll omsorgssenter

tlf: +47 57734507

mob: +47 90151856

Adresse:

Askvoll omsorgssenter 6980 Askvoll

Kart: