Askvoll kommune - Bulandet skule

Kan du tenke deg å jobbe som lærar ved den vestlegaste skulen i landet?

Grunnskulelærar i 100% vikariat ved Bulandet skule

Bulandet skule er den vestlegaste skulen i landet. Vi er ein fådelt barne – og ungdomsskule med 31 elevar. Elevgruppa vil bli delt i 1. – 3 klasse, 4. og 5. klasse og 8.-9. klasse skuleåret 2025 -2026.

Bulandet skule har ledig inntil 100% vikariat som grunnskulelærar med undervisning primært på barnesteget til og med 5. klasse skuleåret 2025/2026. Kontaktlæraransvar må påreknast. Fagynskje er norsk, engelsk, matematikk, elles øvrige fag som krle, samfunnsfag, naturfag, kunst og handverk, musikk og kroppsøving.

 

Kvalifikasjonar:

  • Grunnskulelærar 1-7 eller 5-10. Andre med godkjend pedagogisk lærarutdanning kan òg søkje.  Du er òg velkommen til å søkje dersom du har ei anna utdanning/erfaring som kan eigne seg i arbeid med barn. Då kan du verte tilsett som lærar utan godkjend utdanning dersom det ikkje lukkast oss å få tilsett søkjarar med godkjend lærarutdanning.
  • Gode faglege og didaktiske kunnskapar
  • Gode IKT-kunnskapar

 

Personlege eigenskapar:

  • Tydeleg og motiverande klasseleiing
  • Evne til å skape trygge og gode relasjonar til elevane
  • Evne til å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisningsopplegg heilskapleg, strukturert og i tråd med fagfornyinga
  • Gode samarbeidsevner, initiativrik, fleksibel
  • Evne til å delta aktivt i fagleg utviklingsarbeid

 

Vi tilbyr: 

  • Løn etter utdanning og ansiennitet, og lønspolitisk plan 
  • Kontaktlærarar får eit tillegg på 40 000 kroner per år
  • Redusert undervisningsplikt for nyutdanna
  • God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • Kjekke kollegaer

 

Dersom du vert tilsett må du legge fram godkjend politi– og tuberkulinattest.

Ta gjerne kontakt med rektor for meir informasjon om stillinga og arbeidsplassen.

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

Del på:

Referansenummer:

25/017

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Bulandet skule

Stillingstype:

Vikariat

Rolle:

Lærar

Søknadsfrist:

01.06.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Bulandet skule

Kontaktpersonar:

Linda Landøy

Stilling: Rektor

tlf: +47 57730755

mob: +47 95773768

Adresse:

Nordsjøvegen 1086 6987 Bulandet

Kart: