
Har du gode mellommenneskelege ferdigheiter og likar å omgåast mange ulike typar menneske? Vi søkjer etter
Sjukepleiar i heimetenesta - hhv 70% på natt og 70% i 2 delt turnus - faste stillingar
Er du sjukepleiar og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg.
I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet.
Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap.
Som sjukepleiar vil ein ha eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper innanfor helsesektoren lokalt, og med spesialisthelsetenesta for å sikre ein heilskapleg tilnærming og oppfølging. Heimetenesta yter tenester i heile Askvoll kommune.
Vi søkjer sjukepleiarar til 2 faste stillingar:
- 70% på natt med arbeid 3. kvar helg frå snarast
- 70% 2 delt turnus med arbeid 3. kvar helg frå snarast
Ver venleg å oppgje i søknadsteksten kva stilling du søkjer på, evt om du søkjer på begge stillingane.
Arbeidsoppgåver:
- Utøve direkte sjukepleie til pasientar og brukarar med utgangspunkt i "kva er viktig for deg?"
- Medverke til at sjukepleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet
- Tilrettelegge for å nytte velferdsteknologiske løysingar
- Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningsliner og prosedyrar
- Ha sjukpleiefagleg ansvar i gruppa og deltar i sjukepleiefagleg bakvaktsordning ved behov
- Medikantmenthandtering
- Delta i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksternt
- Medverke til god informasjonsflyt
- Pliktar å halde seg oppdatert innanfor sitt eige fagfelt og delta i aktuelle møter og opplæringstiltak
- Rettleie pasientar, pårørande og andre tilsette, studentar og elevar
- Medverke til eit godt samarbeidsmiljø
- Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
Kvalifikasjonar:
Vi søkjer etter personar med følgjande kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Ved mangel på kvalifiserte søkarar kan søkarar med relevant utdanning/erfaring søkje og bli mellombels tilsett
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Den som blir tilsett må ha førarkort
- Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart
Personlege eigenskapar:
- Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
- Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
- Like utfordringar og er løysingsorientert
- Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
- Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
Vi tilbyr:
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
- Mogelegheit for sletting av studielån i samsvar med den nye statlege støtteordninga, der du etter eitt år tilsetjing/opptening kan få sletta 25 000 kr av studielånet ditt kvart år dersom du vel å bu i usentrale kommunar. Dette skal motivere folk til å bu i distrikta og halde høge kompetansenivå i desentraliserte kommunar. Askvoll kommune er innan denne ordninga, men du er sjølv ansvarleg for å søkje om dette hos Statens lånekasse.
- Avtale om signeringsstipend på kr. 75 000, mot to års bindingstid for sjukepleiararar/vernepleiarar
- Lokalt tillegg på kr 40 000.- over garantiløn etter tariff sjukepleiarar/vernepleiarar. Det lokale tillegget vert ikkje aktivt før 2. tilsetjingsår dersom ein inngår avtale om signeringsstipend.
- Ansvarstillegg for sjukepleiar på natt på kr. 15.000 etter stillingsprosent, som eit årleg lokalt tillegg til garantiløn
- Eigen lønsstige for studentar innan helse- og velferdsutdanningar i deltidsstillingar
- Utdanningsstipend ved søknad for prioriterte yrkesgrupper på inntil kr. 210.000,- etter nærare avtale
- Tilsette som inngår individuell avtale om å arbeide to ekstra helger per halvår, som vert innarbeidd i årsturnus, får utbetalt ein bonus. Utbetalinga kjem i tillegg til ordinær løn etter faktisk arbeidd ekstra helg.
- Arbeid 35,5 t/veke og på helg
- Pensjonsordning i KLP
- Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Del på:
Referansenummer:
25/016
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Heimetenesta
Stillingstype:
Fast
Rolle:
Sjukepleiar
Søknadsfrist:
31.05.2025
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Heimetenesta
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.askvoll.kommune.noAdresse:
Askvollheimen 6980 Askvoll