Askvoll kommune - Oppvekstetaten

Ønskjer du ein god start innan ditt karriereval, søk lærlingplass som barne- og ungdomsarbeidar hjå oss!

Lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget

Vi vil at du skal få ei spanande læretid med varierte oppgåver og i eit godt arbeidsmiljø. 

Hjå oss vil du ta del i, og få opplæring i ordninære arbeidsoppgåver for fagområdet. Du får erfaring med og kunnskap om barn og unge. Opplæringa di vert fordelt mellom barnehage, skule og skulefritidsordning (SFO).

Askvoll kommune har fem barnehagar av ulik storleik, frå 1 til 5 avdelingar, som ligg i ulike deler av kommunen. I tillegg har vi fire offentlege grunnskular: Askvoll, Bulandet og Gjelsvik har klassetrinn frå 1- 10 skular, medan Atløy har klassetrinn 1- 7. Elevtalet varierer frå omlag 30 i Bulandet til omlag 200 på Askvoll skule. 

Arbeidsoppgåver:

  • planlegging, leiing, gjennomføring og evaluering av pedagogiske aktivitetar for barn og unge
  • tilrettelegging for leik og fysisk aktivitet med utgangspunkt i den einskilde sitt funksjonsnivå og livssituasjon
  • bruk av forming, sang, leik, musikk, litteratur og drama i det daglege arbeid
  • kommunikasjon med menneske med ulik kulturell bagrunn, livssyn og sosial status
  • samarbeid med barn og unge, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartar
  • grensesetting, konfliktløysing og vere ein tydeleg vaksenmodell
  • føring av opplæringsbok

 

Kvalifikasjonar:

  • bestått VG1 helse- og oppvekstfag, dokumentasjon for fullført og bestått VG2 barne- og ungdomsarbeidarfag eller tilsvarande, må leggast fram før signering av lærekontrakt (slutten av juni)
  • god kjennskap til bruk av data
  • må beherske norsk munnleg og skriftleg
  • politiattest av nyare dato må leggast fram ver tilsetting

 

Personlege eigenskapar:

  • er engasjert, motivert og interessert i faget, legg ned ein eigeninnsats for å nå måla i tråd med læreplan for faget
  • openheit for ny lærdom, opplæring og rettleiing
  • evne til å jobbe strukturert og målretta
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • vilje til å stå på og hjelpe ein kollega når det trengs
  • glede over å bidra til verdiskaping ved å ta del i daglege gjeremål og å utføre oppgåver på sjølvstendig basis

Vi tilbyr: 

  • rettleiarar og instruktørar på praksisplassen med god og relevant fagleg bakgrunn og erfaring med planlegging, gjennomføring og evaluering av internopplæring
  • mogelegheit for eigenutvikling og refleksjon
  • trivelege arbeidssplassar med godt lærlingmiljø
  • verdifull arbeidserfaring og godt dokumentert praksis
  • eit arbeidsfellesskap med engasjerte og dyktige kollegaer
  • løn i høve gjeldande tariffavtale
  • gode forsikringsordningar 

 

Andre opplysningar:

Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med læretida.

Ved opptak til ein lærlingplass vil kommunen legge stor vekt på personlege eigenskapar.


Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Søkjarar med ungdsomsrett som har bestått VG1 og VG2 vil vere prioritert. Søskjarar som ikkje har bestått enkeltfag kan likevel verte vurdert. 


Vi vonar du ønskjer å verte lærling i Askvoll kommune og ser fram til å få deg med på laget!

 

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

Del på:

Referansenummer:

25/011

Fylke:

  • Vestfold

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekstetaten

Stillingstype:

Mellombels

Rolle:

Lærling

Søknadsfrist:

16.03.2025

Tiltreding:

18.08.2025

Arbeidsstad:

Barnehage / skule

Kontaktpersonar:

Adresse:

Askvoll rådhus 6980 Askvoll

Kart: