Er du vår nye vernepleiar? Vi har ledig vikariat til og med 31.10.2025
Vernepleiar 100% vikariat ved bu- og miljøtenesta - Markatunet
Er du vernepleiar og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg og vi søkjer etter vernepleiar til ledig 100% vikariat ved Markatunet frå snarast til og med 31.10.2025.
Markatunet består av 8 nye bueiningar og har tenestemottakarar i alderen 18-60 år. Våre tenestemottakarar deltar i dagtilbod og ulike aktivitetar. Vi er ofte ute på tur, både korte og lengre. Vi er opptatt av struktur i kvardagen samt å kunne tilby meiningsfulle aktivitetar for våre tenestemottakarar. I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Er du ein god og omsorgsfull lagspelar som ser etter løysingar og mogelegheiter? Då er det deg vi ser etter!
Arbeidsoppgåver:
- Direkte tenesteyting i samsvar med vedtak, dagsplanar og rutinar
- Kartlegge behov, iverksette og evaluere tiltak
- Utføre oppgåver i samsvar med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
- Primærkontakt/sekundærkontakt
- Bistand i kvardagen basert på individuelle behov og ynskjer
- Tilrettelegging og deltaking i dagtilbod og aktivitetar
- Tverrfagleg samarbeid
- Medverke til fagutvikling i seksjonen
- Medverke til utvikling av godt arbeidsmiljø
- Medisinansvar
- Rettleiing av kollegaer, brukarar, pårørande, studentar og elevar
- Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverktøy, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som vernepleiar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Det er krav om framlagd politiattest av ny dato før oppstart
Personlege eigenskapar:
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Er omsorgsfull, tolmodig og tilpassingsdyktig
- Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
- Har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Likar utfordringar og er løysingsorientert
- Likar å være aktiv
- Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
- Har evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
Vi tilbyr:
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
- Moglegheiter for langvakter inntil 13 timar
- Lokalt tillegg på kr 40 000,- over garantiløn etter tariff for vernepleiarar og sjukepleiarar
- Tilsette som inngår individuell avtale om å arbeide to ekstra helgar per halvår, og vert innarbeidd i årsturnus, får utbetalt ein bonus. Utbetalinga kjem i tillegg til ordinær løn etter faktisk arbeidd ekstra helg.
- Avtale om utdanningsstipend for sjukepleiestudentar på til saman kr. 210.000,- etter nærare avtale
- Pensjonsordning i KLP
- Arbeid etter 35,5 t/veke og på helg.
Mangfaldige Askvoll
Askvoll kommune består av om lag 3.000 innbyggjarar med eigne historier og perspektiv. For å tilby teneste til alle, må dei tilsette i Askvoll kommune reflektere den breidda vi har i befolkninga. Vi veit at kompetanse og eigenskapar kan komme i mange ulike former, og vil gjerne høyre frå deg som meiner du har noko å tilby i denne jobben.
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra kan bli tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekkje søknaden sin før søkjarlista blir gjort offentleg.
Del på:
Referansenummer:
25/002
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Bu- og miljøtenesta
Stillingstype:
Vikariat
Rolle:
Vernepleiar
Søknadsfrist:
09.02.2025
Tiltreding:
Frå snarast
Arbeidsstad:
Markatunet
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.askvoll.kommune.noAdresse:
Askvollheimen 6980 Askvoll