Askvoll kommune

Er du klar for nye utfordringar innan personal- og økonomifaget?

Personal- og økonomimedarbeidar - avd. personal, løn og arkiv - 100% fast stilling

Avdeling personal, løn og arkiv, er ei ny avdeling i kommunen frå 2.1.2024. Avdelinga er eit kompetansesenter innan lov, avtaleverk, personalpolitiske retningsliner, personaljuss, lærlingar, HMS, IA, AKAN, oppfølging av sjukefråvære og generell rettleiing på personalområdet. I tillegg har vi ansvaret for heile prosessen knytt til rekruttering, tilsetting og avslutting av arbeidsforhold. Ein viktig del av arbeidet er å ivareta ei rådgjevande rolle for organisasjonen. Arkiv og sekretariat har ansvar for politisk sekretariat og kommunen sine arkivsystem i hht lov og forskrift. Arkiv- og sekretariatsleiar deltek som politisk møtesekretær i kommunestyret og er opplæringsansvarleg og rådgjevar for alt som har med arkiv og sakshandsaming å gjere. Stillinga som personal- og økonomimedarbeidar er administrativt underlagt avd. personal, løn og arkiv, men delar av stillinga er knytt til økonomisjef som fagleg leiar. 

Som personal- og økonomimedarbeidar vil du jobbe i team saman  med fagleg dyktige og kjekke kollegaer. Du vil få stort ansvar og ein variert arbeidskvardag med god støtte frå dine kollegaer. 

 

Arbeidsoppgåver

Som personal- og økonomimedarbeidar er du primærkontakt for definerte oppgåver etter intern fordeling, og arbeidar i team med dei andre økonomi- og personalmedarbeidarane for å sikre overlapping.

  • Fakturering, inkasso og fordeling av inngåande faktura 
  • Sakshandsaming på personalområdet ved behov
  • Koordinerande rolle knytt til det interkommunale SySIKT-samarbeidet
  • Bidra til å utvikle og forbetre rutinar og reglement
  • Delansvar som systemadministrator for lønssystemet kan bli aktuelt for den rette kandidaten
  • Medansvar for HMS- og internkontrollarbeidet
  • Bistå arkiv- og sekretariatsleiar med ulike rutinemessige oppgåver 
  • Nøyaktige ansvars- og arbeidsområde vil vere avhengig av kvalifikasjonar og erfaring

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på høgskulenivå med hovudvekt på økonomi
  • Særskilt god erfaring kan oppvege for kravet om høgskuleutdanning
  • Gjerne kjennskap til lov- og avtaleverket på løns- og personalområdet i kommunane
  • Kjennskap til arbeidstidsordningar, turnus og turnussystem vil vere ein fordel
  • Godt norsk språk, både munnleg og skriftleg
  • God IKT-kunnskap og evne til å lære ulike fagsystem

Personlege eigenskapar

  • Evne til å organisere arbeidsoppgåvene og følgje fristar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, men også i team
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Nøyaktig og tek initiativ til forbetringsarbeid
  • Bidreg positivt i arbeidsmiljøet

Vi tilbyr

  • Eit godt fag- og arbeidsmiljø og varierte oppgåver
  • Løn etter gjeldande kommunalt avtaleverk etter ansiennitet. Lønspennet er per no kr. 485 400 - 569 100 i stillingskode spesialkonsulent, og avhengig av ansiennitet. Løna vil bli endra etter årets lønsforhandlingar frå 01.05.2024.
  • Høgare løn og kode som rådgjevar kan vere aktuelt for spesielt kvalifiserte søkjarar.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høve til kompetanseheving og vidareutvikling
  • Vi tilbyr flyttegodtgjersle om du flyttar til kommunen vår

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Vi ber om referansar av nyare dato. Askvoll kommune har seks månader prøvetid.

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

(c) Fjordkysten.no

Vel avdelinga nedanfor for å starta appen:

Del på:

Referansenummer:

24/062

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Personal, løn og arkiv

Stillingstype:

Fast

Rolle:

Sakshandsamar

Søknadsfrist:

26.05.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Askvoll rådhus