Askvoll kommune

Er du ein problemløysar og likar å fikse alt mogeleg? Då har vi stillinga for deg!

Driftsoperatør - 100% fast stilling

Askvoll kommune har ledig 100% fast stilling som Driftsoperatørar ved driftssentralen frå snarast. Dersom internt opprykk til anna ledig stilling vil vi ha to 100% faste stillingar. 

 

Hovudoppgåver:

  • Drift- og vedlikehald av vassverk
  • Drift og vedlikehald av avlaupsanlegg
  • Drift og vedlikehald av kommunale vegar
  • Kunne inngå i 4 delt vakt ordning
  • Tilsyn av utstyr (verktøy, driftsutstyr og bilar)

 

Kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå arbeid med drift av vassverk.
  • Drift og vedlikehald av avlaupsanlegg.
  • Drift og vedlikehald av vegar.
  • Krav om førarkort klasse C1 eller må vere viljug til å ta det innan kort tid etter tilsetting.
  • Det er naudsynt å kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg på norsk.
  • Må kunne lese og forstå driftsovervakingssystem og dokumentere skriftleg i våre datasystem.

  

Utdanningsretning:

Fagbrev innanfor mekaniske fag eller rørleggerfaget, veg og anlegg eventuelt annet relevant fagbrev som elektrikar, byggdriftar, bilfag eller andre fag som kan relaterast til arbeidet.

Lang erfaring innanfor nemnde område kan ved vurdering kompensere for manglande utdanning.

Søkjar må vere innstilt på å ta ulike fagkurs knyta til drift- og vedlikehald innanfor skisserte hovudoppgåver.

Godkjend politiattest må leggast fram ved tiltreding.

 

Personlege eigenskapar:

Vi legg stor vekt på gode samarbeidsevner, serviceinnstilling, sjølvstendigheit, allsidigheit, gjennomføringsevne og fleksibilitet.

 

Vi tilbyr:

  • Løn etter gjeldande tariff
  • Offentleg pensjonsordning KLP
  • Gode forsikringsordningar
  • Dekking av flyttegodtgjersle etter eige reglement.
  • Hjelp til å skaffe bustad

 

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

Del på:

Referansenummer:

24/059

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Stillingstype:

Fast

Rolle:

Vaktmeister

Søknadsfrist:

05.05.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Driftssentralen - Askvoll

Kontaktpersonar:

Adresse:

Askvollvegen 426A 6980 Askvoll

Kart: