Askvoll kommune

Helse- og omsorgsetaten søkjer etter ferievikarar

Ferievikarar sommaren 2023

Helse- og omsorgsetaten søkjer etter engasjerte og dyktige ferievikarar i perioden 19.6. - 13.8.23. 

Vi søkjer etter vikarar i følgjande grupper:

  • Askvoll legesenter
  • Heimetenesta
  • Askvollheimen
  • Bu- og miljøtenesta/ Markatunet
  • Reinhald/vaskeri
  • Kjøkken

Avhengig av arbeidsstad er arbeidsoppgåvene

  • Utføring av stell og pleie
  • Legge til rette for meistring og rehabilitering
  • Tilsyn og miljøarbeid
  • Assistere pasientar i matsituasjon
  • Matlaging
  • Reinhald og vaskeriteneste
  • Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve

Vi tilbyr:

  • Bonusordning for ferievikarar som kan arbeide 5 veker samanhengande siste del av                                      ferieperioden; kr 10 000,- for 100% stilling
  • Studentar innan helse og sosialfaglege utdanningar har eiga avlønning  
  • Garantiløn for sjukepleiarar/vernepleiarar 
  • Garantiløn for fagarbeidarar
  • Elles løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
  • Pensjonsordning i KLP

Vi søker deg som:

  • Er ferdig utdanna, elev eller student innan helse- og sosialfag
  • Har fagbrev eller er under utdanning som kokk, eller har erfaring og interesse for matlaging
  • Ynskjer å vere assistent innan pleie, reinhald og vaskeri
  • Omsorgsfull, respektfull og opptatt av kva som er viktig for pasient, brukar og pårørande
  • God til å kommunisere på norsk, både munnleg og skriftleg
  • Fleksibel og god til å samarbeide
  • Søkarar til heimetenesta og bu- og miljøtenesta må ha førarkort og kunne disponere bil

Politiattest vert krevd før start i stilling

I søknaden må du setje opp kvar du ynskjer å arbeide i prioritert rekkjefylgje, kor mykje og kva tidsrom du kan arbeide

Vi tilset fortløpande. Søker du raskt, får du raskt svar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vel avdelinga nedanfor for å starta appen:

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Søknadsfrist:

28.02.2023