På jakt etter nye utfordringar?
Kommunalsjef helse og omsorg
Askvoll har om lag 3000 innbyggjarar og ligg sentralt på kysten. Ekspressbåt til Bergen (2,5t) og Florø (30 min), og ein time biltur til senteret Førde. Askvollhalvøya ligg mellom Dalsfjorden og Førdefjorden og strekkjer seg frå bygdene langs Førdefjorden i aust til Bulandet vest i havet.
Askvoll kommune er organisert i ein kommunalsjefmodell, der helse og omsorg omfattar sjukeheim, heimeteneste, psykisk helse, rusteneste, bu- og miljøteneste, helsestasjon, fysioterapi og legesenter. Stillinga inngår i kommunedirektøren si leiargruppe
Vi søkjer etter ein leiar som er utviklingsorientert, ser heile biletet og som ynskjer å utvikle gode tenester for innbyggjarane i kommunen
Ansvar- og arbeidsområde for stillinga
- overordna fagleg, økonomisk og personalansvar for helse- og omsorgstenestene.
- drive fagleg utviklingsarbeid i sektoren
- sikre god samordning av dei økonomiske og menneskelege ressursane
- medverke til god resultatutvikling i høve vedtekne mål
- medverke til at sektoren vert ein god og utfordrande arbeidsplass for alle tilsette
- utvikle gode samarbeidsforhold mellom einingane i etaten og med resten av kommuneorganisasjonen.
- ta aktiv del i interkommunalt samarbeid
Kvalifikasjonar
- Helse-/sosialfagleg utdanning på høgskulenivå
- Tilleggsutdanning innan personalleiing og økonomistyring på høgskulenivå
- Arbeidserfaring frå desse områda
- Det er ein fordel med erfaring frå kommunal verksemd
Personlege eigenskapar
- Resultatbevisst, strategisk og ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Evne til omstilling og nytenking
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Ein spennande og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Ein velfungerande organisasjon med dyktige medarbeidarar
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Har du spørsmål til stillinga kan du kontakte kommunedirektør Martin Lundgård.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Del på:
Referansenummer:
24/050
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Helse- og omsorgsetaten
Stillingstype:
Fast
Rolle:
Kommunalsjef
Søknadsfrist:
05.05.2024
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Omsorgskontoret
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.askvoll.kommune.noAdresse:
Askvollheimen 6980 Askvoll